Oppdatert utkast, 1. februar 2026
I 2019 sa kronprinsesse Mette-Marit at ho ikkje hadde sjekka Jeffrey Epsteins bakgrunn godt nok. No viser e-postane frå det amerikanske justisdepartementet at ho googla Epstein allereie i oktober 2011, og fann at det ho las var «ikkje lystig». Ho visste. Ho heldt fram kontakten i tre år til.
Dette er ikkje ei sak om «dårleg dømmekraft». Det er ei sak om systematisk løgn overfor det norske folket, både i Epstein-saka og i den pågåande straffesaka mot hennar eigen son.

I ein e-post datert 23. oktober 2011 skriv kronprinsessa til Epstein: «Googlet deg ... Agree it didn't look good :)». På dette tidspunktet var Epstein allereie:
Kronprinsessa heldt likevel fram kontakten i tre år til. Då ho i 2019 hevda at ho ikkje hadde undersøkt bakgrunnen hans godt nok, visste ho godt at dette var løgn.
Kjelde: DN 31.01.2026: «Mette-Marit i epost til Jeffrey Epstein: 'Googlet deg'»
slik såg wikipediasida ut i 2011
Slottet opplyste i 2019 at kontakten med Epstein tok slutt i 2013. Natt til laurdag 31. januar 2026 måtte dei korrigere: Den siste skriftlege kontakten var i juni 2014.
«Beklageligvis husket vi det nøyaktige tidspunktet for dette litt feil i forrige runde.»
Guri Varpe, kommunikasjonssjef ved Slottet (NRK, 31.01.2026)
Å «hugse feil» tidspunktet for kontakt med verdas mest omtalte pedofile er ikkje truverdig. Andre vil meine at dette «stinker lang vei av et forsøk på å tildekke en mer enn pinlig virkelighet».