«Two naked women carrying a surfboard»: Kva kronprinsessa spurde Jeffrey Epstein om råd til

I november 2012 sender kronprinsesse Mette-Marit ein e-post til Jeffrey Epstein. Spørsmålet hennar: «Is it inappropriate for a mother to suggest two naked women carrying a surfboard for my 15 yr old sons wallpaper?» Epstein, som på det tidspunktet allereie var dømd for å kjøpe sex av ei 14-åring og registrert som sexbrottsmann, svarar: «let them decide, mother should stay out of it.» Dette er ikkje eit forhold mellom ein kronprinsesse og ein tilfeldig velgjerdar. E-postane som no er offentleggjorde gjennom det amerikanske justisdepartementet teiknar biletet av ein djup personleg relasjon der Norges framtidige dronning søkjer råd om barneoppseding frå verdas mest notoriske pedofile.

I februar 2011 introduserer Boris Nikolic kronprinsessa til Epstein med orda: «She is GREAT! Twisted ;) Not a typical royalty.» Sju månader seinare tilrår Epstein Nabokovs Lectures on Literature, og ho svarar entusiastisk. Nabokov skreiv Lolita. Epstein var kjend for å skrive Nabokov-sitat med tusj på kroppen til mindreårige jenter. Etterforskinga identifiserte om lag 1200 offer.

I oktober 2013 skriv Boris Nikolic: «Lets all of us go to jee’s island to recover on a sun» - ei direkte invitasjon til Little Saint James, den private øya som no er synonymt med systematisk overgrep mot mindreårige. Kongehuset har nekta å svare på om kronprinsessa nokon gong vitja øya. I januar 2014 fortel Epstein at Woody Allen, sjølv omgjeven av skuldingar om overgrep, var hos han ei veke. Kronprinsessa svarar: «well that must have been a neurotic experience for the two of you ;)» Same månad skriv ho at ho les Nabokovs Pale Fire. Då Epstein døydde i Metropolitan Correctional Center i august 2019, var justisminister William Barr ansvarleg for fengselsvesenet. Faren hans, Donald Barr, gav Epstein hans første jobb ved Dalton School i 1973 - trass i at Epstein mangla kvalifikasjonar. Medsamansvorne Ghislaine Maxwell var dotter av Robert Maxwell, som ifølgje tidlegare Mossad-agentar fungerte som israelsk etterretningsagent. Norske journalistar har skrive at Epstein «tilrådde ei bok» utan å nemne kva bok, utan å problematisere kven som tilrådde ho, og utan å stille spørsmål ved tapetdiskusjonen, øyinvitasjonen, eller den intime tonen i «Every day is a constant struggle of scratching the soul just Enough to still be able to chose the light.» Seks millionar dokumentsider er no offentleggjorde. Kronprinsessa sitt namn dukkar opp fleire hundre gonger. Kongehuset har nekta å svare på substansielle spørsmål i over seks år. PST har som oppgåve å verne kongefamilien. Dei har tilgang til all denne informasjonen. Om kronprinsessa likevel valde å ignorere åtvaringar, reiser det spørsmål anten om PST si evne til å utføre oppdraget sitt, eller om kronprinsessa si vurderingsevne.

Det finst eitt alternativ til spekulasjon: openheit. Legg korta på bordet. Dokumenter omfanget og karakteren av relasjonen. Svar på spørsmåla om øya, om møta, om innhaldet i samtalane. For kvar dag som går utan svar, festar spekulasjonane seg djupare i offentlegheita sitt medvit. Tausnad er ikkje ein strategi; det er ein invitasjon til den verste fortolkinga.

Norske borgarar finansierer både kongehuset og PST. Me har rett til å vite om institusjonane våre fungerer.

Sentrale punkt frå e-postane

  1. Tapetdiskusjonen (13. nov. 2012): Kronprinsessa spør Epstein om det er passande for ei mor å føreslå «two naked women carrying a surfboard» som tapet for hennar 15 år gamle son Marius. Epstein svarar: «let them decide, mother should stay out of it.»
  2. Invitasjon til øya (22. okt. 2013): Boris Nikolic skriv til Epstein og kronprinsessa: «Lets all of us go to jee's island to recover on a sun» - altså Little Saint James.
  3. Woody Allen-referansen (7. jan. 2014): Epstein fortel at Woody Allen var hos han ei veke, og kronprinsessa svarar «well that must have been a neurotic experience for the two of you ;)»
  4. Kontakten heldt fram til juni 2014: E-postane viser at kontakten var pågåande og intim langt utover det kongehuset har innrømt.
  5. Pale Fire (jan. 2014): Kronprinsessa skriv at ho les Nabokovs Pale Fire - endå eit Nabokov-verk tilrådd i denne krinsen.
  6. Den intime tonen: «I miss paris. We need to talk soon», «Miss u», «Every day is a constant struggle of scratching the soul just Enough to still be able to chose the light».