Er sola ein gigantisk fusjonsreaktor?

Elon Musk fortalde Joe Rogan at heile USA kunne bli drevet med solenergi frå eit område på berre 100 x 100 mil (Musk, 2023). Er dette sant, og kva er eigentleg solkraft? Har me stått under senit til ein stor kule av hydrogen som fusjonerer til helium og teia stilt heile denne tida. Me høver ikkje måtte venta på framtida for å dra nytte av fusjonsreaksjonar for energi. Solkraft er energi frå sollys som kan utnyttast gjennom spesialiserte teknologiar for å produsere elektrisitet eller varme.

Det finst to hovudtypar innan solenergiteknologi: fotovoltaiske system (PV) og konsentrert solkraft (CSP). Fotovoltaiske system konverterer sollys direkte til elektrisitet ved hjelp av solceller. Ifølgje Energi21 (2022) bidreg distribuerte solenergiløysingar til auka sjølvforsyning og kan møte auka kraftetterspørsel på kort tid. "Distribuerte løysingar kan også bidra til å auke forsyningstryggleiken i utkantområde med svakt nett og bidra til auka sjølvforsyning av fornybar energi i samfunnskritiske næringar som landbruket" (Energi21, 2022, s. 38).

Konsentrert solkraft brukar speglar eller linser til å konsentrere sollys for å generere varme, som deretter driv ein generator for å produsere elektrisitet. CSP-teknologien fokuserer sollys på eit lite område, noko som skapar høge temperaturar som kan drive ein turbin. Ifølgje International Energy Agency (2020), "store solkraftverk har demonstrert korleis integrasjon med batterilagring kan levere stabil og påliteleg energiforsyning heile døgnet" (s. 21).

Ulike Typar Solenergiteknologiar

Solcellepanel, som representerer fotovoltaiske system, omformar sollys direkte til elektrisitet ved hjelp av silisiumbaserte solceller. Desse systema er aktuelle for både småskala bruk i private heimar og større solparkar. Ifølgje Energi21 (2022), "Noreg har få geografiske komparative fortrinn når det gjeld produksjon av solkraft eller -varme, men har til gjengjeld gode føresetnader i verdikjeda for solenergi" (s. 74).

Solvarmeanlegg blir brukt til å varme opp vatn og er spesielt utbreidd i industri og hushald. Denne teknologien nyttar solenergi til direkte oppvarming av vatn, noko som ofte er ei mindre kompleks og kostnadseffektiv løysing samanlikna med fotovoltaiske system (Jakobsen, Fløysand, & Aarstad, 2020, s. 42). Ifølgje Jakobsen et al. (2020), "solvarmeanlegg er ein effektiv måte å utnytte solenergi på, spesielt i regionar med høg solinnstråling" (s. 42). I tillegg påpeiker Energi21 (2022) at "solinnstrålingen i Noreg, spesielt i Sør-Noreg og Austlandet, tilsvarer nesten forholda i land som Tyskland" (s. 75).

Status for Solenergi i Samtida

Globalt har solenergi opplevd ein eksplosiv vekst og utgjer ein betydeleg del av ny kapasitet i energimarknader over heile verda. Ifølgje Energi21 (2022), "solinnstrålingen i Noreg, spesielt i Sør-Noreg og Austlandet, tilsvarer nesten forholda i land som Tyskland der det er bygd ut betydeleg meir produksjonskapasitet, nærmare 60 GW" (s. 75). I Asia og Afrika leier massive solenergiprosjekt an i omstillinga til fornybar energi. Prosjekt som Tengger Desert Solar Park i Kina og Bhadla Solar Park i India viser korleis solenergi ikkje berre er ei løysing for industrielle nasjonar, men også for raskt veksande økonomiar som søker berekraftig utvikling.

Statusen for solenergi i Noreg er framleis i ein tidleg fase samanlikna med land der solenergisystem har vore i drift over lengre tid. Ifølgje Energi21 (2022), "Noreg har få geografiske komparative fortrinn når det gjeld produksjon av solkraft eller -varme, men har til gjengjeld gode føresetnader i verdikjeda for solenergi" (s. 74). Det er ei aukande interesse og satsing frå norske styresmakter og næringar på å inkorporere meir solenergi i energimiksen, der målet om å redusere klimagassutslepp og auke andelen fornybar energi er sentralt.

Kjeldeliste